Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   – På tide å sleppe nye krefter til

– Vi skal ha stand på Sandane-dagane om nokon har lyst til å bli betre kjend med Per Idar Almås og få meir informasjon om årets festival, seier dagleg leiar i Gloppen Musikkfest, Hanne Oftedal.

– På tide å sleppe nye krefter til

– Eg er på ingen måte lei av festivalen, men det er på tide å sleppe nye krefter til, seier Hanne Oftedal. Som dagleg leiar kjem ho til å styre skuta under årets musikkfest, men så overlet ho roret til Per Idar Almås.

– Festivalar har godt av eit skifte innimellom, for det er viktig med utvikling. Klarer ein ikkje å utvikle seg, går ein tilbake, og det er slett ikkje ønskjeleg, seier Hanne Oftedal.

Ho har vore involvert i Gloppen Musikkfest sidan 2005, og har hatt hovudansvaret sidan 2010-11.

– No trur eg det er bra at det kjem nye krefter til. Ettersom Per Idar Almås flyttar til Gloppen, lukkast vi med å få til eit skifte. Han har relevant kompetanse og har lyst til å gjere noko i Gloppen-samfunnet, smiler ho, og legg til at han er handplukka.

– Slik vi har drive festivalen fram til no, har det vore viktig for oss at vi forheld oss aktivt til Gloppen-samfunnet, behova og fagmiljøa i fylket. Eg skal dra i land årets festival, men så gjennomfører vi eit skifte i midten av september. Mykje arbeid er blitt utført på dugnad til no, ikkje minst fordi eg har hatt høve til det. Per Idar får ei 40 prosent stilling. Unge menneske med kompetanse må ha ei stilling å gå til, slår ho fast.

Les meir i papirutgåva fredag.