Aleks Grey var eit av banda som stod på scena under Blest 2015. Akkreditering: Jarle H. Moe.

På jakt etter nye talent

Brak har haustprogrammet klart for Sogn og Fjordane. Du kan mellom anna delta på tre ulike Blest-arrangement som går av stabelen i oktober og november. No er dei på jakt etter artistar som vil vise seg fram på desse scenene.

Skal ein arbeide som artist, arrangør eller i andre delar av musikkbransjen, er det hardt arbeid. Brak skal hjelpe deg på vegen mot måla dine.

Blest er ein møteplass for musikkmiljøet i Sogn og Fjordane, der ein utvekslar erfaringar, får kurstilbod og moglegheita til å oppdage morgondagens stjerneskot frå regionen.

I år arrangerer Brak ikkje mindre enn tre Blest i Sogn og Fjordane. Det vil skje på tre ulike stadar med lokale samarbeidspartnarar, og det går frå 2-dagars til 1-dags arrangement. Innhaldet blir likt det Blest vi kjenner frå dei tidlegare åra. Fagleg påfyll gjennom føredrag, kurs og workshop på dagtid, og konsertar på kveldstid.

Sandane, Florø og Sogndal er stadane for årets Blest-rekkje i samarbeid med Firda vidaregåande skule, Studenthuset Meieriet og Florø Rockeklubb. Brak har også inngått samarbeid med Kulturskulerådet i Sogn og Fjordane.

På jakt etter artistar

Totalt vil seks artistar frå Sogn og Fjordane få spele på Blest. Det er ingen sjangeravgrensingar for artistane som melder seg på. Denne møteplassen er ei unik moglegheit til å syne seg fram for både regional og nasjonal bransje, og det er mange artistar som har fått spelejobbar på festivalar, platekontrakt og liknande ut av å spele på Blest.

I tillegg til å vere ei scene å vise seg fram på, er nettverksbygging ein stor del av Blest. Her skal ein knytte kontakt med andre musikarar, med arrangørar og bransjefolk. Dette skal gje kunnskap og nye impulsar til arbeidet som musikar.

- For meg og bandet var BLEST 2015 både kjempekjekt, sosialt og lærerikt. Ei heil helg stappa med god musikk og folk som deler den same lidenskapen. Og ein får mange gode tips og råd frå folk som jobbar i bransjen. Til slutt blir det heile toppa med å få spele på ei god scene med bra utstyr, kjempeflinke folk og ikkje minst får ein høyre mange bra up and coming-artistar og band frå Sogn og Fjordane. Eg vil anbefale alle som kan delta til å melde seg på, seier Aleksander Raftevold.

Han er frontfigur i Aleks Grey, som var ein av dei som stod på scena under Blest 2015.

Har du og bandet ditt lyst til å spele på årets utgåve av Blest? I så fall er det på tide å melde seg på. Fristen er sett til 10.september.