På begge sider av bordet?

Førre veke vart Aksjonærregisteret opna for offentleg innsyn. Dette registeret inneheld data som vert meldt inn gjennom aksjonærregisteroppgåver, som alle aksjeselskap må melde inn. Kring 800.000 personar og selskap registrert med totalt 1,8 millionar postar har per i dag plass i registeret.

Fram til no har verken journalistar eller privatpersonar hatt innsyn i registeret. No kan kven som helst sjekke opplysningar om aksjar og med det eigarskap i bedrifter her, og alt no har det begynt å gje interessante utslag.

Denne veka kunne avisa Firda t.d. fortelje at ein av toppane i fylkesmannen si mykje omtala, og vi kan legge til omstridde, miljøvernavdeling, assisterande fylkesmiljøvernsjef, har over 7000 aksjar i Nordic Mining. Dette er selskapet som vil dumpe store mengder avfall frå gruvedrift i Førdefjorden, noko som får miljørørsla til å sjå raudt.

Ein tydeleg overraska fylkesmann likar slett ikkje saka, og seier ho vil følgje den opp. No er det ikkje ulovleg for ein tilsett å kjøpe aksjar, men det var no eit overraskande objekt for ein tilsett i den avdelinga då. Verre er det om avdelinga og vedkomande på noko vis har vore involvert i saksbehandlinga, då er det klart prinsipielt uheldig.

Les heile leiaren i papirutgåva onsdag.