– Ronny Brede Aase, Silje Nordnes og Markus Neby syner kvar morgon fram det norske dialektmangfaldet, seier leiar i Norsk Målungdom, Fredrik Hope.

P3Morgen får dialektprisen

Norsk Målungdom har kåra programleiarane Ronny Brede Aase, Silje Nordnes og Markus Neby på programmet P3Morgen til vinnarar av Dialektprisen for 2017. Prisen vart overrekt på Det Norske Teatret i dag.

– Ronny Brede Aase, Silje Nordnes og Markus Neby kjem frå kvar sin del av landet, og syner kvar morgon fram det norske dialektmangfaldet. Som programleiarar på eit av dei mest populære radioprogramma i Noreg, gjer dei dialektmangfaldet til ein del av kvardagen til fleire hundretusen unge lyttarar. Det seier leiar i Norsk Målungdom, Fredrik Hope.

– P3morgen er ein viktig del av morgonen for mange lyttarar. Både Silje, Markus og Ronny framstår som trygge dialektbrukarar, og bidreg med det til å gjere dialektskilnader kvardagsleg og sjølvsagt, seier Hope. – Men om me ser til våre naboland, der dialekter ikkje har like stort rom i media, forstår me kor viktig dette er. P3Morgen er medvitne om samfunnansvaret sitt og programleiarane er med på å bryte ned barierer for andre ved å bruke dialektene sine – side om side. At dei dessutan er eit program der dei ikkje kvir seg for å leike med språket og diskutere språk, gjer dei berre til enno meir fortente vinnarar, utdjupar han.

Prisvinnarane
Ronny Brede Aase (f. 1986) kjem frå Førde, Silje Therese Reiten Nordnes (f. 1984) kjem frå Hamarøy og Markus Ekrem Neby (f. 1991) kjem frå Oslo. Dei tre programleiarane saman styrt programmet P3Morgen sidan 2014, og programmet har vunne fleire prisar for godt språk og god formidling. I tillegg til lyttarane på radio, har P3Morgen har store fylgarskarar på sosiale medium. Der nyttar dei òg dialektar munnleg, og både nynorsk og bokmål skrifteleg. Programmet P3Morgen starta opp i 2003.

Prisen
Dialektprisen vart utdelt for fyrste gong i 2001, og vert delt ut årvis av landsstyret i Norsk Målungdom. Det er den einaste språkprisen som vert delt ut av språkengasjerte ungdomar, noko som også bidreg til at han er ein av dei mest prestisjetunge. Blant tidlegare prisvinnarar finn vi namn som Therese Johaug, Linda Eide og Daniel Kvammen.

Utdelinga
Prisen vart overrekt i Bikuben på Det Norske Teatret i dag. Det var leiar Fredrik Hope som delte ut prisen på vegner av landsstyret i Norsk Målungdom.