Eivind Øygard. Arkivfoto.

Øygard til EM

Jølstringen Eivind Øygard er teken ut til EM i terrengløp. Det skjedde etter at han i helga vart beste norske under eit stemne i Nederland

Øygard har hatt ein svært god sesong i år, både på bane og terreng. Han tok mellom anna sølv i NM. EM blir arrangert i Samorin i Slovakia 10. desember. Også Marius Vedvik frå Førde er teken ut til den 12 mann store troppen.