Home   >   Lokalt   >   Jølster   >   Ottar Berg med bronse i handbak-VM

Ottar Berg var med på det norske laget som tok bronse i VM.

Ottar Berg med bronse i handbak-VM

Handbakbrytarane har avvikla VM siste veka og Jølster hadde 3 brytarar på det norske landslaget.

Ottar Berg frå Jølster var på laget med brytarar over 40 år (master) som tok Bronse i meisterskapen. Individuelt vart Berg nr 14 og 20, medan Raymond Lillemo vart nr. 16 og 17 i klasse pluss 110 kg. Junioren Kristian Styve Kråkenes tok ein 10. og ellevte plass i meisterskapen som gjekk av stabelen i Ungarn.