Dei to ordførarfruene i Gloppen og Eid døypte Fjord1 sine heilelektriske ferjer. Her er Gloppefjord på veg ut fjorden, medan Eidsfjord er på veg til kai.

Ordførarfruene var gudmødrer

Det var Karoline Bjerkeset og Magni Hjertenes Flyum som døypte MF Gloppefjord og MF Eidsfjord på Kattahamrane tysdag.



– Då vil eg ønske Gloppefjord og mannskap hell og lukke, sa Karoline Bjerkeset, før ho sende champagneflaska av garde mot skutesida.

– Høgtideleg og fint 

Flaska knuste på første forsøk, til stor applaus frå dei mange som hadde møtt opp på kaia.

– Korleis var det å vere gudmor for denne ferja?

– Det var stas. For meg var dette ei ny erfaring. Det var høgtideleg og fint. Dette er ei ferje som eg kjem til å bruke mykje, og då er det litt kjekt å tenkje på at eg har fått lov til å vere gudmor for ho, seier Bjerkeset.

Ho fekk ein telefon frå Fjord1 for nokre veker sidan med spørsmål om ho kunne tenkje seg denne oppgåva.

– Viktig at ferja går

Same telefonen fekk kona til Eid-ordførar Alfred Bjørlo, Magni Hjertenes Flyum.

– Korleis ser du på å skulle døype Eidsfjord?

– Det blir kjekt. Som Karoline seier så er det ikkje så ofte vi får spørsmål om noko slikt. Å vere ordførarfrue er det ikkje så mykje festivitas rundt. Då eg fekk spørsmålet, var eg ikkje i tvil om at eg skulle takke ja. Det viktige med oppdraget er at vi no set i gang desse fine ferjene. Eg brukar ferjesambandet Anda-Lote ein god del, for eg reiser ganske mykje i jobben. Å vite at ferja går, særleg når vi skal nå eit fly, er for oss ganske viktig, smiler ho.

– Ein spesiell dag

Administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland, understreka at dette var ein spesiell dag for Fjord1.

– Det er ikkje berre ein spesiell dag for oss, men for heile ferje-Noreg. Vi i Fjord1 skal døype våre første elektriske båtar. Dette er opninga for dei elektriske ferjene i Noreg. Det er ein stor dag i vår 160 år lange historie, sa han.

Neteland tykte det var kjekt at så mange hadde møtt opp for å vere med markeringa.