Illustrasjonsfoto.

Ordensforstyrring og promillekøyring

Ein mann i 20-åra er mistenkt for køyring i rusa tilstand i Florø sentrum natt til søndag.


Det vart teke blodprøve av vedkomande og sak er oppretta.

I Sogndal vart ein godt rusa mann pågripen og innsett i arrest etter å ha stått bak ordensforstyrring.

I Måløy fekk politiet klage på støy frå eit hus i gate 5. Politiet reiste til staden og påla dei festande om å bli stille.