8. klassingane i Gloppen hadde ein strålande dag i sola.

Opptur med Opptur

Alle 8. klassingane i Gloppen fekk onsdag ein annleis skuledag i finveret. Då inviterte Midtre Nordfjord Turlag - UNG på Opptur.

Elevane fekk prøve seg både på klatring og sykling med racersykkel, og dei fekk prøve å padle, både i kajakk og kano. Mykje av aktiviteten vart gjort i Bukta og på Gloppen camping.

Dagen er ein del av Den Norske Turistforening nasjonale sine arrangement for ungdom, og totalt var rundt halvparten av alle 8. klassingane i landet ute i friluft i dag.

- Målet med arrangementet er å vise ungdommane kva turar som finst i nærområdet, og gje lærarare inspirasjon til å flytte undervisninga ut i naturen. Læring og aktivitet er ein fantastisk kombinasjon, seier styreleiar i DNT, Berit Kjøll.

Statsminister Erna Solberg deltok på eit opptur-arrangement på Romåså, og var imponert over ungdommane sitt engasjement og OPPTUR-arrangementet.

– Eg synest Opptur er viktig. Eg trur det er bra når det nærmar seg slutten av skuleåret og dei byrjar verte litt skuleleide, at elevane får ein dag der dei får frisk luft og gjere andre ting. Og når ein putter inn litt smart kunnskap på vegen, så er det bra seier Solberg.

Sjå meir i fredagsavisa.