- Oppgradering og modernisering av sjukehuset i Førde

Regjeringa foreslår 1 125 mill. 2017-kroner i låneramme til oppgradering og modernisering av sjukehuset i Helse Førde for perioden 2017–2025, tilsvarande 70 % av prisjustert forventa prosjektkostnad, med ei løyving på 18 mill. kroner i 2017. Låneramma blir utbetalt i takt med framdrifta i prosjektet.

- Eg er svært glad for at regjerings følgjer opp utbyggingsplanene for sentralsjukehuset til Helse Førde. Dette vil kome pasientane i heile Helse Førde til gode, og det vil legge til rette for ei heilt nødvendig oppgradering og ei sterk satsing på psykisk helsevern. Dette vil også legge til rette for å oppfylle målsettingane med pasientens helseteneste, seier stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) i ei pressemelding frå regjeringspartia.

- Eg er veldig glad for at vi får denne investeringsramma til Helse Førde. Dette vil hjelpe vårt helseføretak i åra framover, og viser at regjeringa er oppteken av å styrke helsesektoren, supplerer Lars-Svein Drabløs (FrP).

I fjor vedtok styret i Helse Førde HF ein plan for ut- og ombygging av Førde sentralsjukehus. Denne vart seinare stadfesta i Helse Vest RHF.

Helse Førde legg til grunn ei demografisk utvikling med aukande del eldre fram mot 2030. Dette vil virke inn på behovet for spesialisthelsetenester. Målsettinga for konseptfasen er å sikre at Helse Førde over tid leverer kvalitativt gode og effektive tenester. Prosjektet skal bidra til å oppfylle nasjonale mål om å utvikle «pasienten si helseteneste». Sjukehuset skal vere funksjonelt, dekke kapasitetsbehov, vere ein attraktiv arbeidsplass og oppfylle samfunnsmessige mål innanfor energi og miljø.

Oppgraderinga av sjukehuset i Førde inneheld eit nytt bygg for psykisk helsevern. Nybygget skal innehalde lokale til barne- og ungdomspsykiatri, ny poliklinikk, nye døgntilbod og betre tilhøve for akuttpsykiatrien. Ombygginga inkluderer også ombygging av sengeareal inkludert bad, etablering av observasjonspost, meir areal til poliklinikkrom og behandlingsrom og auka kapasitet for dagbehandling. Dagens areal til voksenpsykiatri skal bli bygd om til sjukehushotell og kontor for administrasjonen.

Både barne- og ungdomspsykiatrien og store deler av administrasjonane i Helse Førde held i dag til i leigde lokale i Førde sentrum. Når utbygginga står ferdig vil føretaket si verksemd i Førde vere samla på sjukehusområdet.

- Det er særs viktig at fylket har eit sterkt og godt rusta sentralsjukehus og vedtaket sikrar at dette skal vere situasjonen også i framtida, seier Vidar Grønnevik (H).