Home   >   Nyhende   >   Opnar Utvikfjellet for avgrensa trafikk

Opnar Utvikfjellet for avgrensa trafikk

Ein privat vegstubb og ein kommunal veg gjev avgrensa passasje forbi den øydelagde brua i Utvik. Vegen blir no opna for gjennomkøyring fire gongar i døgnet, med leiebil og manuell dirigering.

– Vi er glade for å kunne sleppe noko av trafikken gjennom i Utvik. Statens vegvesen, fylkeskommunen og Stryn kommune har jobba for å finne ei løysing for omkøyring, men vegen som fører forbi flaumstaden har avgrensa kapasitet. Skulle vi sleppe fram all trafikk, vil vi få kilometerlange køar. Så av omsyn til trafikkmengda og det pågåande anleggsarbeidet for å reparere vegen permanent, opnar vi berre for lette køyretøy og til visse tider, seier avdelingdirektør Svenn Finden i Statens vegvesen.

Fv. 60 i Utvik blir opna for lokal gjennomkøyring for bilar under 3,5 tonn i tidsromma:

07.00 – 08.00
12.00 – 13.00
16.00 – 17.00
19.00 – 20.00

Vegen vert opna første gong onsdag morgon kl. 07.00.

Både vegvesenet og fylkeskommunen gjer alt dei kan for å få reparert vegen permanent og få vanleg trafikkflyt gjennom Utvik.

– Vi har stor forståing for ulempene særleg næringslivet har som følgje av stenginga, og vi konsentrerer oss no om å få reparert og opna vegen så raskt som råd, seier fylkesdirektør for samferdsle, Dina Lefdal.

Den midlertidige vegen er å rekne som einvegskøyrd, og det blir difor styrt trafikkavvikling og leiebil. Med trafikktal på rundt 2100 bilar i døgnet gjennom Utvik, er det ikkje forsvarleg å opne opp for alle. Omkøyringa er bratt og smal, og går rett forbi tunet til fleire bustader.

– Vi må også ta omsyn til anleggsarbeidet som pågår. Omkøyringsvegen blir nytta til massetransport i samband med permanent reparasjon av fv. 60, så opning for gjennomkøyring fire gongar i døgnet er foreinleg med å halde fullt trøkk på gjenoppbygging av vegen og bruene, seier Finden.

Trafikantane vil bli møtte av trafikkdirigentar i god avstand på begge sider av Utvik, slik at bilar som ikkje kan køyre gjennom får snu. Omkøyringa blir også grundig skilta og varsla på vegvesen.no og gjennom trafikkmeldingar.