SFE kan i dag bli inviterte inn som medeigarar av dei tre kraftstasjonane i Gloppeelva, populært omtala som Gloppen sitt arvesølv.

Opnar for SFE som medeigar

Gloppen formannskap opnar for at Sogn og Fjordane Energi kan få eige 30 prosent av Gloppen Energi, som skal ta hand om kraftstasjonane i Gloppeelva. Tilrådinga vart gjort mot to røyster.

Gloppen formannskap drøfta saka torsdag ettermiddag, og fleirtalet støtta rådmannen si tilråding. To gjekk i mot, det var ordførar Anders Ryssdal (Sp) og Gunvor Sunde (SD). Alt på måndag morgon startar møtet i Gloppen kommunestyre, som m.a. skal gjere vedtak i denne store og viktige saka som handla om kommunen sitt arvesølv. Det handlar om korleis kommunen best kan forvalte dei verdiane som ligg i kraftstasjonane i framtida. Bør ein ha hand om alt sjølv, eller vil det vere fornuftig å ha SFE med på laget. Dei har som kjent drifta stasjonane dei siste 15 åra, og i mellomtida har kommunen avvikla både drift- og nettapparatet dei hadde.

Fleirtalet i formannskapet landa på same konklusjon som styret i Gloppen Energi og rådmannen. Mindretalet signaliserte at dei ville kome med eit eige framlegg i kommunestyret i dag.

Dette er tilrådinga frå formannskapet:
Gloppen kommunestyre viser til sitt vedtak i sak 36/15, og gjer slikt vedtak om framtidig drift og eigarskap av Gloppen Energi AS og Gloppenstasjonane:

1. Gloppen kommune er eigar av Trysilfossen, Eidsfossen og Evebøfossen kraftverk med tilhøyrande fall og reguleringsanlegg (Gloppenstasjonane). Stasjonane har vore utleigd til SFE og etter utløpet av leigeperioden 31.12.2015 vil kommunen overføre Gloppenstasjonane med reguleringsanlegg samt tilhøyrande grunn-, fall- og reguleringsrettar til selskapet Gloppen Energi AS.

2. Ved overføring av Gloppenstasjonane vil Gloppen kommune omgjere lån på 60 mill. kr og krav på ubetalte renter på 17 mill. kr mot Gloppen Energi AS til aksjar i selskapet. Verdien på kravet blir endeleg fastsett ved avslutning av rekneskapen i Gloppen Energi AS pr 31.12.2015.

3. Gloppen kommunestyre godkjenner for sin del avtale om ein retta emisjon mot SFE Produksjon AS i selskapet Gloppen Energi AS og aksjonæravtale mellom SFE Produksjon og Gloppen kommune. Avtalene gir SFE ein eigarskap på 30% i selskapet Gloppen Energi AS.

4. I samband med overføring av Gloppenstasjonane og aksjeemisjonen vil aksjane i SFE bli tilbakeført til kommunen. Det er eit vilkår for godkjenning av avtalane at aksjane i SFE kan tilbakeførast til Gloppen kommune utan at dei andre aksjonærane i SFE krev forkjøpsrett.

5. Det vert teke atterhald om at det ikkje oppstår uønska negative konsekvensar av økonomisk og/eller skattemessig art ved kvalitetssikring av modellen og transaksjonen. Det er ein føresetnad at dersom det oppstår vesentlege endringar i avtalar, verdi etc som følgje av dette, skal saka leggast fram for kommunestyret til handsaming.