Eirik Rauset (t.v.), Ingebjørn Mundal og resten av STIL-laget møter Tornado Måløy på heimebane laurdag.

Opnar festdag med klassisk oppgjer mot Tornado Måløy

Det går slag i slag i Sandane Idrettspark i morgon. Først ut er eit tradisjonelt oppgjer mellom to klubbar som har møttest tallause gongar opp gjennom åra, men som det no er lenge sidan var i same divisjon.

Tornado Måløy, samanslutninga mellom Tornado FK og Måløy IL, har stort sett halde seg ein divisjon høgare enn STIL dei siste åra. Denne sesongen spelar laget i 4. divisjon, men sesongen har ikkje svara til forventningane for laget frå ytre Nordfjord.

Jamt sist
Dei blå og kvite ligg nemleg på 3. plass på tabellen, heile 19 poeng bak allereie opprykksklare Fjøra, og berre to poeng framfor STIL på 6. plass.

Førre torsdag tapte laget 5-2 borte mot Sogndal 3, medan kampen mot tabelljumbo Tambarskjelvar, som skulle ha vore spelt tysdag, vart avlyst som følgje av at naustdølene ikkje greidde å stille lag.

Tornado Måløy vann oppgjeret mot STIL på Måløy stadion i juni 3-2, men sandensarane leia kampen då det berre var fem minutt att å spele.

Øyvind Hervik sitt mannskap har vist bra form i haust, og burde ha vunne 2-2-kampen borte mot Dale sist.

Vi tippar STIL stiller topp skjerpa, har lyst på revansje for det sure tapet i sommar og tek alle tre poenga framfor eit vonleg stort publikum.

Avslutning og opning


Etter at 4. divisjonsoppgjeret er slutt, er det avslutning for knøttespelarane i Idrettsparken.

Deretter står offisiell opning av den flotte klatreparken for tur.

Festdagen vert avslutta med EM-kvalifiseringskampen mellom Noreg og Malta på storskjerm inne i fotballhallen. STIL-fotballen får også denne gongen 100 kroner frå fotballforbundet for kvart hovud som møter opp. Dette på grunn av kvalitetsklubbstatusen.

Vi oppmodar alle om å finne vegen til Idrettsparken på Myklebustflata laurdag ettermiddag.