- Stortingspolitikarane må syte for at fylkeskommunane får større oppgåver og økonomiske musklar og mat til å fylle den nye rolla, seier fylkesordførar Jenny Følling. Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Ønskjer klargjering om nye fylkesoppgåver





I ei pressemelding peikar fylkestinget på at det var ein premiss for regionsreforma at fylkeskommunane skulle få fleire oppgåver, og at fylkespolitikarane difor sterkt forventar at Stortinget følgjer opp dette.


Fylkestinget i Sogn og Fjordane meiner Stortinget mellom anna må gje fylkeskommunane fleire oppgåver og meir mynde.


– Når Stortinget meiner det er behov for større og sterkare fylkeskommunar og har vedteke å halvere talet på fylke, er det deira ansvar å følgje opp. Stortingspolitikarane må syte for at fylkeskommunane får større oppgåver og økonomiske musklar og mat til å fylla den nye rolla, seier fylkesordførar Jenny Følling.


Fylkestinget i Sogn og Fjordane etterlyser mellom anna ei nærare avklaring rundt oppgåver og ansvar innan samferdsel og vegadministrasjon.


Politikarane i fylkestinget ønskjer også at Stortinget ser nærare på oppgåvene som ligg til Fylkesmannen når det gjeld næringsrelatert verksemd. I høyringsfråsegna ber dei om at den næringsorienterte delen av Fylkesmannen si verksemd i sin heilskap blir overført til fylkeskommunane.


Dei ønskjer også at fylkeskommunane skal få meir fleire oppgåver og meir mynde innan akvakultur. Fylkestinget ber òg om at ansvaret for regional samordning innan brann- og ulukkesberedskap blir greidd ut.