Det er stort behov for trafikksikringstiltak på denne strekninga, meiner Paul Zerwekh.

Ønskjer fartsdempande tiltak

Det er stort behov for fartsdempande tiltak på Nordstrandsvegen. Det meiner Paul Zerwekh.

Han har vendt seg til Gloppen kommune etter å ha sett oppslaget i Firda Tidend der Miljøpartiet Dei Grøne ved Mariel Eikeset Koren ønskjer 30 km/t fartsgrense i heile Sandane sentrum.

Sterkt trafikkert

Paul Zerwekh meiner at liknande tiltak må vurderast også på strekninga frå Dampskipskaia vestover forbi Statoil på Nordstrandsvegen. Her er det stor trafikk og så smal vegbane fleire stader at to store køyretøy ikkje kan passere kvarandre. Det manglar fotau, og fleire hus ligg tett inntil vegbana, peikar han på. Konsekvensen er at mjuke trafikantar nærast vert pressa ut av vegen.
- Det er behov for trafikksikringstiltak snarast, meiner Paul Zerwekh.