Hovudtrenar Øyvind Hervik (i midten) og assistentane Espen Denk (t.v.) og Espen Aagård har ansvaret for STIL sitt 4. divisjonsmannskap denne sesongen. Alle har lang fartstid i klubben.

– Ønskjer å spele hurtig fotball i god STIL-tradisjon

– Eg meiner STIL høyrer heime i toppen av 4. divisjon, seier den nye A-lagstrenaren Øyvind Hervik før seriestarten mot Høyang på bortebane fredag.

Røynd trenartrio

– Jan Ove har gjort ein kjempegod jobb og bygd ein plattform. Spelestilen ligg der, eg ønskjer å byggje vidare på teknisk, hurtig angrepsfotball med offensive backar og stram defensiv organisering. Vi kjem til å spele 4-4-2 med to flate firarar, fortel Hervik.

Med sju sesongar og kring 150 kampar bak seg i STIL-trøya fram til ein alvorleg kneskade tvinga han til å legge opp i 1992, samt mange år som trenar for aldersfastlagde lag og Breimsbygda sitt herrelag, er det ein røynd mann fotballgruppa i STIL har henta inn som hovudtrenar.

Også dei to hjelpetrenarane har fleire hundre kampar i den blå trøya. Den gamle midtstopparkjempa Espen Aagård har eit spesielt ansvar for den defensive organiseringa, medan Espen Denk har angrepsspel som sitt arbeidsområde.

– Eg er glad for å ha fått med meg kompetente personar rundt laget, konstaterer Hervik og fortel at dei har henta inn spesialkompetanse på farts- og uthaldstrening frå friidrettsmiljøet i bygda i vinter.

Hurtig kombinasjonsspel

I mange år har STIL sitt varemerke vore teknisk fotball langs bakken. Den nye hovudtrenaren er oppteken av å spele fotball i god STIL-tradisjon også denne sesongen.

– Vi vil ha spelarar som er kjappe i beina og som kan spele hurtig kombinasjonsspel. Vi har arbeidd veldig mykje med fart på treningane, seier Hervik og fortel om ein svært god treningsvinter:

– Vinteren har vore optimal. Vi har nytta kaldhallen når tilhøva ute har vore dårlege, elles har vi trena på kunstgrasbana. Spelargruppa har vore stabil.

Les meir i papirutgåva onsdag.