Denne delen inneheld dei nye sjukeheimsplassane og hadde fredag fått krans på mønet, i samsvar med gamle og gode tradisjonar.

Omsorgssenteret på Skei tek form

– Det er tradisjon med kranselag i byggebransjen, sa kommunalsjef Thor Ove Farsund, då han ønskte arbeidarane på byggeplassen vel møtt til eit betre måltid på slutten av dagen.

Viktig markering
– Så mykje pengar har eg aldri brukt på eit enkelt prosjekt tidlegare, sa rådmann Børge Tvedt etter å ha sett gjennom dei to nybygga som no er tette. Både han og resten av den politiske og administrative leiinga i kommunen var nøgde med det dei såg. Dei fekk også høyre om eit byggeprosjekt som er i rute i høve til tidsplanen, og som så langt har gått knirkefritt utan uhell eller skadar av noko slag.

– Brukar , byggherre og entreprenør har hatt god dialog heile tida, sa prosjektleiar frå byggherren, kommunalsjef Thor Ove Farsund, som var raus med godorda om entreprenøren Åsen og Øvrelid AS.

Les heile saka i onsdagsavisa.