Om Firda Tidend

    • Frå kamporgan for bonderørsla, til lokalavis for distriktet

      Firda Tidend kom første gong ut tysdag 1. juli 1924. Då med vossingen Johan Lid som redaktør. Avisa har gått frå å vere eit kamporgan for bonderørsla, til å bli ei lokalavis for Gloppen og Jølster kommunar. Det var skipinga av Bondepartiet i 1920 som var utgangspunktet for Firda Tidend.
      I 1967 vart Firda Tidend formelt reorganisert og L/L Senterpartibladet skipa. Forutan Senterpartiet sine organisasjonar, vart handelslaga i Gloppen og Breim aksjonærar og i tillegg 16 Senterpartimedlemer i lokalpartia.

      Det første styret i L/L Senterpartibladet såg slik ut: Reidar Mardal (formann), Ingebrigt Øvreseth, Kjell Råd, Abel Straume og Kristoffer J. Rygg (styremedlem).

      I 1981 tok L/L Senterpartibladet aksjane i Solglimt Trykkeri i Bukta. Styret for Senterpartibladet utgjorde frå då av også generalforsamlinga i Solglimt Trykkeri. Same året vart også dei tilsette representert i styret møte og talerett.

      Lenge kom avisa ut tre dagar i veka: måndag, onsdag og fredag, men frå hausten 2017 gjekk den over til å kome ut tysdag og fredag. Samtidig fekk alle abonnentar tilbod om eavis. Same haust fekk nettavisa betalingsløysing og abonnentane fekk tidlegare tilgang til aktuelle lokale saker gjennom denne.

      Frå påska 2017 slutta Firda Tidend å trykke avisa sjølve, og med det var over hundre års trykke-aktivitet på Sandane historie. Avisa driv framleis pretrykk gjennom Solglimt og held framleis til i lokala i Bukta. Redaksjonen er å finne i Skarsteinhuset i Nordstrandsvegen.

      Senterpartiet sine organisasjonar er største eigar av konsernet med 45 prosent av aksjane. Resten er eigd av fleire lokale småaksjonærar.

      Firda Tidend har i dag åtte tilsette i redaksjon, administrasjon og produksjon.

      Styret:
      Styreformann: Ingebrigt Øvreseth
      Nestformann: Per Rune Vereide
      Styremedlemer: Sjur Atle Austrheim, Anders Ryssdal, Inger Haldis Aske Lothe, og Terje Paulsen.

      Redaktør: Aadne Gloppestad
      Dagleg leiar: Aadne Gloppestad