Home   >   Lokalt   >   Jølster   >   Oddbjørn Hjelmeset til start i Jølster

Det er denne løypa som ventar deltakarane i "Skogahogen opp" Foto: Jølster Løypelag

Oddbjørn Hjelmeset til start i Jølster

Langfredag går første utgåve av «Skogahogen opp» av stabelen i Bjørkelia, med start ved stadionområdet til Jølster skisenter.

Rennet, som er eit samarbeidsprosjekt mellom Jølster IL og Jølster løypelag, er 2.6 km langt men med 200 meter høgdeskilnad mellom start og mål. På startstreken i dette som må kallast motbakkeløp på ski, stiller mellom andre tidlegare landslagsløpar Oddbjørn Hjelmeset.

På arrangørane sine nettsider blir det hevda at dette er det første løpet i sitt slag i fylket, og at det blir ei tøff utfordring sjølv om distansen er som sprint å rekne.

Arrangørane lovar også topp forhold med masse snø og velpreparert løype.

Oddbjørn Hjelmeset blir å sjå i løypene på Vassenden Langfredag

Oddbjørn Hjelmeset blir å sjå i løypene på Vassenden Langfredag

Det er denne løypa som ventar deltakarane i "Skogahogen opp" Foto: Jølster Løypelag Det er denne løypa som ventar deltakarane i «Skogahogen opp» Foto: Jølster Løypelag