Med 17 individuelle NM-medaljar i langrenn er Odd-Bjørn Hjelmeset, som representerte Fjellhug/Vereide IL, mellom dei beste på adelskalenderen. Arkivfoto.

Odd-Bjørn i celebert selskap

Sist veke vart NM på ski avvikla i Tromsø. Ein oppdatert medaljeoversikt syner at glopparen Odd-Bjørn Hjelmeset, med totalt 17 NM-medaljar, ligg på ein knallsterk 7. plass mellom herrane i nasjonalsporten.

Øvst tronar skikongen Oddvar Brå med totalt 26 medaljar, 16 av dei av edlaste valør.

På kvinnesida er Marit Bjørgen best med 31 medaljar, 17 i gull.

Berre medaljer i individuelle NM-øvingar er rekna med, det vil seie at lagsprint og stafett ikkje er inkludert.


Ti på topp herrar:
26 Oddvar Brå 16-4-6
24 Kristen Skjeldal 11-4-9
20 Thomas Alsgaard 7-10-3
18 Bjørn Dæhlie 12-5-1
18 Harald Grønningen 9-2-7
17 Vegard Ulvang 9-6-2
17 Odd-Bjørn Hjelmeset 9-3-5
15 Martin Johnsrud Sundby 10-4-1
15 Sverre Stensheim 2-9-4
15 Magne Myrmo 2-5-8

Ti på topp damer:
31 Marit Bjørgen 17-8-6
29 Bente Skari (Martinsen) 16-6-7
25 Anita Moen (Guidon) 13-7-5
23 Elin Nilsen 8-8-7
22 Hilde G. Pedersen 7-8-7
22 Trude Dybendahl Hartz 6-8-8
21 Berit Mørdre Lammedal 13-4-4
21 Marit Myrmæl 4-12-5
19 Brit Pettersen 7-6-6
19 Inger Helene Nybråten 6-6-7