Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   OBOS produserer også kraft

Det var grunneigar Per Jarle Myklebust (t.v.) som klypte snora med assistanse av kornserndirektør i OBOS, Nils Bøhler

OBOS produserer også kraft

I Myklebustdalen var det i dag høgtidleg opning av Strupen kraftverk, eit kraftverk der grunneigarane har leigt vekk fallrettane til OBOS energi.

Dette selskapet har så stått for bygginga av kraftverket og skal drifte det i samarbeid med grunneigarane.

Grønt ansvar

– Vi ønskjer å ta eit større ansvar for det grøne skiftet og ønskjer i tillegg å tilby våre medlemmer grøn energi, sa konserndirektør i OBOs, Nils Bøhler, som var til stades under opninga. Dette sa han som svar på kvifor eit bustadbyggelag som OBOS skal drive med kraftutbygging.

Strupen kraftverk er det andre som blir sett i drift av OBOS energi, men det skal bli meir. Selskapet har 100 Gwh under bygging og på sikt har Obos Energi planar om ein produksjon på 650 Gwh. Dei to kraftverka som er i drift produserer 40 Gwh årleg.

Meir om dette i papiravisa fredag