Trond Dvergsdal satsar på Skei

Nytt selskap på Skei

Nyetableringar på Skei er ikkje kvardagskost, men no har i alle fall eit nytt selskap etablert seg med administrasjon og lager i kommunesenteret.



-Vi var ikkje samde om vegen vidare, dermed var det like godt å gå ut, seier Trond Dvergsdal som har trekt seg ut av entreprenørselskapet Dvergsdal & Sunde As.  Frå 1. januar har han sitt eige selskap, Dvergsdal Bygg AS. med 17 tilsette.

Var med sidan starten

Trond Dvergsdal har vore medeigar i Dvergsdal og Sunde AS sidan starten i 2003, men startar no på eigne bein med kontor i etasjen over Joker-butikken på Skei. Firmaet har også lager på Skei og ifølgje Dvergsdal er det å ha administrasjon og lager på Skei vore eit nøye gjennomtenkt val.

-Eg ser det som gunstig å vere her. Det er midt i fylket med kort veg i alle retningar. Arbeidsstokken er heimehøyrande i Jølster, Sogndal, Eid og Førde og her på Skei ligg vi sentralt til når folk skal samlast. Det er også ein annan ting som spelar inn og det er husleigekostnadane som er i ein heilt annan divisjon på Skei enn det som er tilfelle i Førde, seier Dvergsdal som også tykkjer det er kjekt å kunne etablere eit nytt firma i Jølster og vere med på å fylle opp litt av det som finst av tome lokale på Skei.

Stor ordrereserve

Med seg frå Dvergsdal og Sunde AS har Trond Dvergsdal heile betongavdelinga, i tillegg til 5 snikkarar. Han som har vore leiar for betongavdelinga, Rune Haugen frå Førde, opphaveleg frå Hyllestad, blir med i administrasjonen og skal også inn på eigarsida, etter kvart, fortel Dvergsdal.

-Det har vore snakka om litt tronge tider i byggebransjen og ditt gamle selskap reduserer arbeidsstokken medan du satsar for fullt. korleis heng dette i hop?

-Eg trur det er litt slik at det er dei store som slit, medan det er bra med arbeid til mindre firma som satsar på både nybygg og rehabilitering. vi har ordrar for 20 millionar inne og vi budsjetterer med 30 millionar i omsetning første året. Vi kjem først og fremst til å vere eit betongfirma, men tek også snikkaroppdrag. Såleis skal vi snart i gang med opp pussing av 18 rom på Thon Hotel Jølster, og når det gjeld betong skal vi ha ein ein underentreprenise på den store utbygginga av Sogndal Hotell. Vi har også avtale med Ottar Dvergsdal AS om betongarbeid på to kraftverk som dei skal bygge i Førde og i Ålfoten. Dermed har vi arbeid både i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord og då skjønar du at det er gunstig å ha administrasjonen her på Skei.

 

- Det er gunstig å ha administrasjon på Skei, seier Trond Dvergsdal