Home   >   Nyhende   >   Nytt jordskjelv søndag

Illustrasjon basert på Jordskjelvstasjonen i Bergen sine nettsider.

Nytt jordskjelv søndag


Berre dagar etter at mange rapporterte eit lite jordskjelv i Sandane-området brumma det svakt i bakken igjen, nokre minutt over klokka tolv søndag.

Jordskjelvstasjonen i Bergen melder at det er rapportert det dei kallar «eit følt jordskjelv» i området mellom Åheim, Møre og Romsdal og Stårheim, Sogn og Fjordane. Ut frå rapportar frå folk som har følt skjelvet oppgir jordskjelvstasjonen at skjelvet «hende 1. oktober kl 12:04 (lokal tid) og er lokalisert til 61.97N, 5.67Ø med ei berekna magnitude 1.8».

Jordskjelvet er rapportert følt frå Åheim, Stårheim og Nordfjordeid. Jordskjelvstasjonen har eit meldesystem for jordsjelv der dei ber folk som har kjent jordskjelvet melde inn på eit skjema Norsk Nasjonalt Seismisk Nettverk har oppretta for slikt. Det spørjeskjemaet finn du i denne lenka.

Sist måndag, for ei veke sidan, vart det også registrert eit jordskjelv i Sandane-området, då på kvelden klokka 19.07. Jordskjelvet hadde magnitude 1.8, altså same styrke som det på søndag, og vart rapportert følt av fleire i Sandane-området.