|
Fersk bjørneobservasjon i Hyen
Av Magnar Heimset, 30.07.10
Gloppen: Tysdag kveld fekk Statens naturoppsyn melding om at ein sportsfiskar hadde gjort ein sikker observasjon av ein bjørn ved Krokstadvatnet i Hyen like ved grensa til Flora kommune. Dei ber folk om å rapportere eventuelle funn av kadaver, spor eller ekskrement som kan stamme frå bjørn i området.
|
|
Bjørneobservasjonar i Sør–Noreg er ikkje lenger uvanleg, og det kan godt vere gjort korrekt observasjon av ein bjørn ved Krokstadvatnet i Hyen denne veka. (Arkivfoto av ein utstoppa brunbjørn)
|
Regionansvarleg for rovvilt i Sogn og Fjordane, Rein Arne Golf, bekreftar at han fekk melding om bjørneobservasjon i området Sagefossen i Hyen seint tysdag kveld. Det skal ha vore gjort liknande observasjonar i Solheimsdalen i nærleiken for to–tre år sidan, og han utelukkar på ingen måte at observasjonane kan vere rette. Statens naturoppsyn vil undersøkje observasjonsområdet nærare, og ønskjer rapportar frå publikum om eventuelle funn av sauekadaver, sporteikn eller ekskrement som kan stamme frå bjørn i det aktuelle området.
« Tilbake
|
|
|