|
Jakta på det perfekte kastet
Benedikte Grov, 29.06.10
Noregsmeisterskap: Det sportslege og det sosiale gjekk hand i hand då nærare 80 deltakarar møttes til NM i hesteskokasting på Reed Stadion i helga.
Lyden av jarn som treff jarn klirrar over heile Reed Stadion. Deltakarane er konsentrerte. Presisjon er viktig, små feil kan gje store utslag. – Det er ikkje tilfeldig kva hestesko ein brukar. Dei som har vore brukte ei stund er lettare enn dei nye, forklarer Åse Fure. Ho er medlem av Gloppen hesteskoklubb, som i år samarbeider med Vikane hesteskoklubb om å arrangere NM på Reed Stadion. Arrangementet er ein av tre årlege landsomfattande konkurransar i hesteskokasting, med 76 deltakarar frå fleire klubbar påmelde. Sosial sport På Reed Stadion laurdag er det parkast og par/mixkast som står på programmet. Fure varmar opp saman med makker Leif Heggheim. Hesteskoen fyk i ei slak boge over grusen, og treff heilt inntil stikka der Heggheim står. Fure byrja med hesteskokasting på 80- talet, men hadde ein pause på nærare ti år før ho starta på att. Sesongen varer frå byrjinga av mai til slutten av august. Kvar torsdag trenar ho saman med dei andre kastarane i Gloppen hesteskoklubb, og kan vise til ein tredjeplass i mixkast frå tidlegare stemne. Fure meiner det sosiale er ein sentral del av sporten. – Eg prøver å vere med på stemne. Det er veldig sosialt, ein blir så godt kjende med kastarane frå andre klubbar. I dag er her ein del nye, yngre kastarar òg, det er veldig kjekt, seier ho. Trivst på Reed Til liks med Fure har dei fleste av kastarane vore med i mange år, og mange kjenner kvarandre difor godt. I tilegg til kastarar frå Gloppen og Vikane, stiller utøvarar frå Nord-Hordaland, Stord, Sunnmøre, Sogn, Hamar, Arendal og Austfold på stemnet. Ein munter gjeng frå Austblæsa hesteskoklubb i Nordhordaland er nokre av gjengangarane på Reed. – Vi har reist hit i femten år, her likar vi oss godt, seier Kjell Osland. Saman med naboane på Flatøy byrja Osland å kaste hestesko for tjue år sidan. Kvar fredag i sesongen, frå slutten av april til september, øver naboane i Austblæsa hesteskoklubb på kaia. Hesteskoklubben har rundt fjorten medlemar, kor av fem har funne vegen til årets stemne på Reed. – Det er veldig sosialt, og etter kvart har vi blitt betre og betre, smiler Osland. Det beste resultatet for klubben så langt er ein andreplass i parkast, samt ein sølvmedalje i singelkast frå eit tidlegare stemne på Nordfjordeid. Les resten av saka i papirutgåva..
« Tilbake
|
|
|