|
|
|
|
|
Caravanfolket likar Byrkjelo Camping best Av Jan Nik. Hansen, 25.06.10 Gloppen: Eggjenipa speglar seg i bassengvatnet, medan vertskapet for Byrkjelo Camping får den høgthengjande utmerkinga Topp Camping.
Kolberg har nett fått vere med vertskapet på ei grundig synfaring i anlegget. Kvar einaste krok er vist fram, og presidenten gjev seg ende over. – Dette er ein utruleg moderne campingplass med alle fasilitetar for både store og små. Sanitetsforholda er heil topp, og alt er gjennomtenkt og tilrettelagt, rosar Kolberg og fortel at NCC samarbeider med 90 campingplassar i heile landet. Etter at alle kandidatane til prisen er vurderte, er avgjerda teken i sentralstyret. Kriteria er at plassen er tilrettelagt for born og vaksne, godt vedlikehald og reinhald, trivsel og eit hyggjeleg vertskap. – Byrkjelo Camping oppfyller alle kriteria med god margin, slo Kolberg fast. Etter å ha sett plassen med eigne auge er han ikkje i det heile i tvil om at utmerkinga går til den rette. Les heile saka i papirutgåva fredag.
« Tilbake |
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||