|
|
|
|
|
Leika seg til 2. divisjon Bjørn Grov, 13.03.10 Handball: Gloppen sitt herrelag i handball er klar for 2. divisjon neste sesong, etter å ha leika seg til 20 måls siger mot Åsane 2 i ettermiddag.
Etter at det første kvarteret var jamt, vart det heile etterkvart ei overkøyring av Bergens-laget. Mot slutten kunne Gloppen leike seg med piruettar og flygarar og surfe i mål ein 36-16 siger mot ein motstandar som ikkje bydde på all verda. Øystein Ellingvåg vart toppscorar med åtte mål i ein kamp der alle kom på scoringslista. Sjølv om det er to kampar igjen, er tankane begynt å dreie seg om neste sesong. - Det blir tøff motstand, men vi skal vere godt førebudde. Og det ser ut som vi skal behalde mannskapet, seier trenar Bjørn Roth-Andenæs. Les meir i papiravisa måndag. « Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||