|
|
|
|
|
Innvik-Olden opna att 13.03.10 Stryn: Laurdag ettermiddag vart rv 60 opna att etter at eit stort steinras sperra vegen mellom Olden og Innvik. Det var i midnattstider natt til laurdag at fleire stor steinblokker dundra ned i og over vegen. Dei hadde løsna i eit område ved Ugla der det vert drive anleggsarbeid. Heldigvis var arbeidet avslutta nokre timar før og det var til all lukke ingen trafikk på vegen. Laurdag ettermiddag kunne vegen ryddast og opnast att, etter at geolog hadde vore på synfaring tidlegare på dag. « Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||