|
|
|
|
|
Måtte gje tapt for snøtyngda Av Magnar Heimset, 12.03.10 Gloppen: Den kalde og snørike vinteren på Vestlandet kostar dyrt. Etter det kraftige snøfallet fredag i førre veke, kollapsa eit sagbruk mellom Emhjella og Heimseta i Hyen under vekta av snøen på taket.
– Dette kom veldig overraskande på meg. Eg oppheld meg i Førde for tida, og eg visste ikkje om dette før du ringde. Eg var faktisk ikkje klar over at det var så mykje snø heime heller, seier ein himmelfallen bygningseigar, Sigmund Eimhjellen (44), på telefonen frå Førde. Det er den om lag 250 m2 store lagerdelen av sagbruket som har rasa saman. Sigmund har sjølv bygt sagbruket, og som bygningsmann meinar han bygget var skikkeleg dimensjonert og skulle tole ein meter tørr snø utan problem. Han hevdar at bygget hat tolt såpass før, og han er særleg overraska over at det rasa før mildvêret og væta kom. Men då brukar snøen å sigle av taket av seg sjølv. Les heile saka i papirutgåva fredag.
« Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||