Til hovedsiden
  DI LOKALAVIS FOR GLOPPEN OG JØLSTER,  torsdag 09. sep 2010
Send oss dine tips!
 

  FRAMSIDA

   NYHENDE


Gloppen
Jølster
Sport
Kultur
Dagens Leiar
Andre nyhende
Finn nyhende:

   AKTUELT
Ledige stillingar
Bildeglimt
 
   MARKNADSPLASSEN
Ledige stillingar
Marknadsplassen
Rubrikkar
Send inn annonse

   FIRDA TIDEND
Annonsefrist
Annonseprisar
Fakta om avisa
Kontakt oss
Opningstider
Redaktøransvar
Tilsette
 
Teikn abonnement!

   ANNA
Lenker
Tips oss
 
   MEININGSMÅLING
Er det tull å bruke tid og ressursar på ei ny utgreiing av traseen for E39 mellom Skei og Ålesund?
Ja
Nei
Bryr meg ikkje
Svar til no: 262
Bryr meg ikkje: 2.29%
Ja: 41.60%
Nei: 56.11%

Stilling ledig

Bruktbil

Utvikla av
InBusiness AS

– Lokalpolitikarane må kome på bana før det er for seint
Av Aadne Gloppestad,  12.03.10

Gloppen: – No er det på tide at politikarane i Gloppen kjem på bana. Nordfjord sjukehus er ein viktig arbeidsplass og skaper tryggleik for pasientane i regionen, seier glopparar som er tilsette ved sjukehuset.

– Vi ser at Helse Førde har lite pengar, men det er feil at ein skal tene pengar på eit sjukehus. Overføringane frå staten må bli større slik at ein kan sikre tilbodet til pasientane, seier fem av glopparane som arbeider ved det nedleggingstruga Nordfjord sjukehus.
I den ferske strategiplanen til Helse Førde går styret inn for eitt sentralsjukehus og to lokalmedisinske senter i Sogn og Fjordane. I praksis betyr det at sjukehuset på Nordfjordeid blir vengjeklipt og knapt kan kallast noko sjukehus lenger. Mange glopparar har arbeidsplassen sin ved sjukehuset. No ber dei politikarane i kommunen kome på bana og kjempe for eit tilbod dei meiner er svært viktig for heile Nordfjord.
– Det verkar som folk er veldig avventande. Politikarane må kome på bana og få fram alternativa. No høyrer vi berre om det eine alternativet der dei to lokalsjukehusa skal omgjerast til lokalmedisinske senter. Ein kan lure på om Gloppen kommune er interessert i eit sjukehus på Nordfjordeid, eller tenkjer dei berre Førde, spør Cecilie Majchrowicz Helgheim, Evy Janne Berle, Trude Eimhjellen, Greta Veien Sårheim og Else Marie Aske.
Saman med eit titals andre personar pendlar dei frå Gloppen til arbeidet ved Nordfjord sjukehus.
– Ordføraren er for ei bru som kan knyte Nordfjord saman, og han ventar Nordfjord skal samle seg og støtte opp om flyplassen på Anda. Då må støtta også gå den andre vegen. Engasjementet frå lokalpolitikarane i Gloppen har vore for dårleg så langt. Det er for seint å kome på bana når sjukehuset er nedlagt, ein må gjere noko no, slår Cecilie Majchrowicz Helgheim fast.
– Eg las det ordførar Anders Ryssdal uttalte i Firda Tidend onsdag. Kommunen har ikkje råd til å ta over nye og krevjande oppgåver utan meir pengar. Ein del av oss har spesialkompetanse. Den vil bli heilt bortkasta om vi ikkje får gjere oss nytte av han. Det kan skje viss sjukehuset blir nedlagt. Det er ikkje sikkert det blir så enkelt for oss å finne nye arbeidsplassar i kommunen. Alternativet kan bli å pendle til Førde, seier intensivsjukepleiar Trude Eimhjellen.

Les heile saka i papirutgåva fredag.


Tips ein venn om denne saka
Til:    Fra:   

« Tilbake