|
|
|
|
|
Gubbevelde og slikt Bjørn Grov, 12.03.10 Leiar: I eit innlegg på Kvinnedagen 8. mars kjem kommunalminister Liv Signe Navarsete med friske innspel mot gubbeveldet i lokalpolitikken. Ho peikar mellom anna på at det i 401 av 430 kommunestyre er fleirtal av menn. Ho vil ha fleire kvinner i kommunestyra, fleire kvinner som ordførarar, rådmenn og andre sentrale posisjonar i lokalpolitikken. Det held ikkje at det er kvinner på halvparten av plassane, dei må stå på toppen også, seier Navarsete, som oppmodar om å legge til rette for meir kvinnemakt og at kvinner sjølv tek utfordringane. Det er ikkje vanskeleg å slutte seg til Navarsete sine målsetjingar, men ho signaliserer ikkje nokon konkrete tiltak for å oppnå det. Det å ha halvparten kvinner på listene er slett ikkje sjølvsagt i mange partilag, somme slit også med å få kvinner til å seie ja. Og kva veljarane til slutt bestemmer, verken kan eller skal Navarsete kunne gjere noko med. Her handlar det om haldningar og vilje, både frå menn og kvinner, og vi er ikkje i tvil om at det vil halde fram med å jamne seg ut. Men det skulle gått fortare. Som kommunalminister har Navarsete ansvar for vallova, og her er utan tvil grep som no må takast for å gjere vala meir demokratiske og få fleire med, både i politikken og på valdagen. Vi hentar so gjerne fram igjen vår gamle kjepphest, som vi med stor glede ser at ein annan profilert Sp-politikar, Ola Borten Moe, no også har sett søkelyset på. Det går kort og greitt ut på at det i dag berre er ei lita gruppe aktive i ulike partilag som bestemmer vallistene og i praksis også kven som kjem inn i styr og stell. Systemet med at enkelte kandidatar i toppen kan kumulerast, altså gjevast eit tillegg, er eit stort lokaldemokratisk problem som har vorte forsterka gjennom at det heller ikkje lenger er lov å stryke namn på lista. Frå siste val og vala før det kan vi finne mange døme på at heile partigruppa faktisk er bestemt på førehand, og at veljarane si røyst ikkje har hatt ein skit å seie for samansetjinga. Dette er fullstendig uhøyrt og burde ikkje vore lov. Korleis i alle dagar skal ein då få folk med lyst og ambisjonar, også til å utfordre dei etablerte, til å stille på lista? Og kvifor skal vi som veljarar gidde å røyste når alt er bestemt på førehand? Vårt klare råd til kommunalministeren er å rydde opp i dette. Ved kommuneval bør det berre vere reine lister utan noko tillegg til toppane, der det er høve til å både stryke og kumulere. Då har alle som vil satse litt på lokalpolitikk ein sjanse, og som veljarar har vi reell innflyting i staden for det skinndemokratiet som rår i dag. Skal det vere demokrati, må veljarane bestemme. Vi kan ikkje ha eit system som Borten Moe heilt korrekt viser til, at det i dag er nok å halde seg inne med styre og nominasjonsnemnd for å bli attvald. No må vi rett og slett tore å la folk bestemme! « Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||