|
|
|
|
|
Skadd i traktorulukke Bjørn Grov, 12.03.10 Stryn: Ein mann kom i klem mellom traktoren og ein reiskap i Oldedalen i går kveld. Det var litt etter klokka 20 torsdag kveld at politiet fekk melding om arbeidsulukka. Ein mann i slutten av 40-åra hadde kome til skade da han kom i klem mellom ein traktor og eit traktorreiskap i Oldedalen i Stryn. Mannen vart køyrt til sjukehus i Førde. Det er førebels uvisst kor skadd mannen er. Politiet har vore på staden og føretatt innleiande etterforsking/undersøking av ulukka. Årsaksforholdet er førebels ikkje klarlagt. « Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||