|
|
|
|
|
– Det blir strålande på Kleivane Av Aadne Gloppestad, 10.03.10 Sport: – Eg tykkjer det er kjekt å sjå ungane bevege seg og ha det moro på ski, seier Odd-Bjørn Hjelmeset. Søndag arrangerer han barneskirenn på Kleivane i samarbeid med moderklubben Fjellhug/Vereide IL.
– Ski skal vere moro, det er viktig å få fram. På søndag får alle som deltek medalje, diplom og saft. Målet er at alle skal kose seg med ski på beina, seier Odd-Bjørn. Som i fjor vert det også mange flotte uttrekningspremiar på startnumra. – Ein blir ikkje verken betre eller dårlegare skiløparar av å få premie når ein kjem i mål, men det er kjekt å få ei lita påskjøning når ein har gjort ein innsats. Eg er sikker på at mange vil gå frå Kleivane med eit smil om munnen, slår skikongen fast. Les heile saka i papirutgåva onsdag.
« Tilbake |
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||