|
|
|
|
|
– I verste fall heilt uakseptabelt Av Jan Nik. Hansen, 10.03.10 Andre nyhende: Gloppen-ordførar Anders Ryssdal meiner Helse Førde skuvar betydelege økonomiske utfordringar over på kommunane. Det er han meir enn skeptisk til.
– Eg kan ikkje sjå føre meg at Førde Sentralsjukehus (FSS) blir nedbygt. Vi treng eit sentralsjukehus. Såleis virkar alternativ ein; eitt sentralsjukehus og to lokalmedisinske senter som det mest fornuftige alternativet, seier Ryssdal og vedgår at Helse Førde har svært store økonomiske utfordringar. No blir det innad i både Sosialistisk Venstreparti og i Senterpartiet hevda at omgjering av to sjukehus til lokalmedisinske senter er brot på Soria Moria erklæringa der det heiter at ingen sjukehus skal nedleggjast. Også Ryssdal meiner svært mykje er uklart og forventar klare signal frå sentralt hald. – Det blir lagt opp til ei dramatisk nedbygging av lokalsjukehusa. Dersom Regjeringa meiner dette ikkje kan gjennomførast, må vi få signal om det snarast, seier Ryssdal som var i Førde der helseminister Grethe Strøm Eriksen også var då styret i Helse Førde presenterte strategiplanen. Les heile saka i papirutgåva onsdag.
« Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||