Til hovedsiden
  DI LOKALAVIS FOR GLOPPEN OG JØLSTER,  torsdag 09. sep 2010
Send oss dine tips!
 

  FRAMSIDA

   NYHENDE


Gloppen
Jølster
Sport
Kultur
Dagens Leiar
Andre nyhende
Finn nyhende:

   AKTUELT
Ledige stillingar
Bildeglimt
 
   MARKNADSPLASSEN
Ledige stillingar
Marknadsplassen
Rubrikkar
Send inn annonse

   FIRDA TIDEND
Annonsefrist
Annonseprisar
Fakta om avisa
Kontakt oss
Opningstider
Redaktøransvar
Tilsette
 
Teikn abonnement!

   ANNA
Lenker
Tips oss
 
   MEININGSMÅLING
Er det tull å bruke tid og ressursar på ei ny utgreiing av traseen for E39 mellom Skei og Ålesund?
Ja
Nei
Bryr meg ikkje
Svar til no: 262
Bryr meg ikkje: 2.29%
Ja: 41.60%
Nei: 56.11%

Stilling ledig

Bruktbil

Utvikla av
InBusiness AS

Er dette Soria Moria?
 10.03.10

Leiar: Før helga sleppte styret i Helse Førde den berømte katten ut av sekken. No har ein vel lenge ant korleis katten ser ut, og såleis var det godt å få det endelege svaret. Den økonomiske krisa i Helse Førde skal løysast ved å legge ned lokalsjukehusa i Nordfjord og Sogn, og i staden skal sentralsjukehuset i Førde satsast enda meir på.

I Soria Moria-erklæringa, som er grunnlaget for denne regjeringa sitt virke, står det klart og tydeleg at lokalsjukehus ikkje skal leggast ned. Det som overraska oss mest i seansen i Førde før helga var såleis at helseministeren uttrykte seg så pass positivt over det som kom frå Helse Førde-styret. Det var heilt tydeleg at her hadde ”nokon snakka saman” på førehand, slik tradisjonen er i Ap.
Både statsråden, Ap og dei andre regjeringspartia bør vel også tenke gjennom kva dei har lova veljarane. Sjølv om det i Soria Moria nok ikkje er definert kva innhald eit lokalsjukehus skal ha, kan det ikkje vere tvil om at fjerna rein akuttberedskapen, fødetilbodet og sengepostane, so snakkar ein ikkje lenger om lokalsjukehus. So ærleg må alle partar vere i denne saka. Ein modell som dette vil altså vere eit brot på Soria Moria-kontrakta.
Det er også grunn til å merke seg at Helse Førde-styret legg opp til eit ”forsøksprosjekt” når det gjeld helsetilbodet for folk i Sogn og Fjordane. Dei byggjer på den sokalla samhandlingsreforma med oppretting av lokalmedisinske senter. Men førebels er det ingen som veit verken konkret kva innhaldet i dette eigentleg skal verte, og korleis dei skal finansierast, inkludert opplegget med at kringliggande kommunar skal ha sengeplassar her.
Meir enn nokon gong får vi her dokumentert at helsepolitikk no handlar om pengar og ikkje helse, og at sjølve føretaksmodellen med eit styre dominert av avdanka politikarar har vorte eit udemokratisk misfoster, slik mange spådde. Skottland prøvde eit liknande opplegg som dei gjekk vekk frå, med stort hell. Med framlegget sitt, som i røynda seier at vi skal berre ha eitt sjukehus i fylket, har Helse Førde i stor grad gjort seg sjølve overflødige. Med berre eitt sjukehus, er det heilt unødvendig med eit eige føretak, og vegen til å bli lagt under Helse Bergen er kort.
I sum trur vi at dette ikkje er godt helsenytt for alle innbyggjarane i fylket vårt. Vi blir straffa for våre fjordar og fjell i dette systemet. Vi skal også vere klar over at denne saka også handlar mykje om nærings- og vekstpolitikk, og å bygge opp fylkessenteret enda meir, slik sterke krefter har teke til orde for. På mange måtar er det Sentralsjukehuset som har bygt opp Førde, og vi ser at sentraliseringskreftene igjen er på bana, solidariteten for dei som fryktar for helsetilbodet og tryggleiken er ikkje akkurat framtredande.
Det er såleis i takt med gode tradisjonar at Førde-avisa skuldar Sp-leiar Navarsete for å ”rote det til”, fordi ho tillet seg å minne om det som står i Soria Moria om at lokalsjukehus ikkje skal leggast ned. Vi synst derimot det i høgaste grad er relevant at statsrådar og partileiarar minner om det grunnlaget dei sjølv har lagt for regjeringa og kva dei har lovt veljarane. Det er faktisk heilt vesentleg.
Då kan det ikkje aksepterast at lokalsjukehus skal leggast ned, slik som styret i Helse Førde går inn for.




Tips ein venn om denne saka
Til:    Fra:   

« Tilbake