|
|
|
|
|
– Ein halvnaken kyrkjetenar på scena for første gong Av Jan Nik. Hansen, 08.03.10 Kultur: – Så må vi vatne litt. Vi skal ha to framsyningar til, seier Per Andenæs og dusjar blomstrane i hatten til pinup Bård Vereide, og publikum ligg langflate i latterkrampe.
Haugtunrevyen 2010 går utan tvil over i historia som ein suksess. Nøkkelen er mange gode tekstar, både til songane og sketsjane, og karar som let hemningane vere att heime. Det blir moro når folk i nærmiljøet brått står på scena og enten spelar seg sjølv eller tolkar andre roller. Og i Vereide krins er det tydelegvis mange mannfolk som ikkje er redde for å dumme seg ut. Det gjorde dei så absolutt ikkje, heller. Det vart halvannan time med trim av lattermusklane. Dette var folkeleg moro, enkelt og greitt. Det var eit sleivspark her og eit anna der, men utan å vere ufin eller ty til den velbrukte underbuksehumoren. Det næraste ein kom var pinup-showet som var spart til ein grand finale. Det var naturlegvis ikkje alt som gjekk på skinner. Her og der sat ikkje tekstane hundre prosent, og det var litt langt mellom innslaga slik at det drog litt ut, men alt i alt var det meir enn godkjent. Og i dei påfølgjande førestillingane gjekk det sikkert betre. Les heile saka i papirutgåva måndag.
« Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||