Til hovedsiden
  DI LOKALAVIS FOR GLOPPEN OG JØLSTER,  fredag 03. sep 2010
Send oss dine tips!
 

  FRAMSIDA

   NYHENDE


Gloppen
Jølster
Sport
Kultur
Dagens Leiar
Andre nyhende
Finn nyhende:

   AKTUELT
Ledige stillingar
Bildeglimt
 
   MARKNADSPLASSEN
Ledige stillingar
Marknadsplassen
Rubrikkar
Send inn annonse

   FIRDA TIDEND
Annonsefrist
Annonseprisar
Fakta om avisa
Kontakt oss
Opningstider
Redaktøransvar
Tilsette
 
Teikn abonnement!

   ANNA
Lenker
Tips oss
 
   MEININGSMÅLING
Er det tull å bruke tid og ressursar på ei ny utgreiing av traseen for E39 mellom Skei og Ålesund?
Ja
Nei
Bryr meg ikkje
Svar til no: 52
Ja: 36.54%
Nei: 63.46%

Stilling ledig

Bruktbil

Utvikla av
InBusiness AS

Strukturplast gjennom nålauget med nytt produkt
Av Jan Nik. Hansen,  08.03.10

Gloppen: Strukturplast har nyleg fått godkjent ei sonarbøye for eitt års utprøving. No er eit nytt utviklingsprosjekt krona med suksess. – Det går veldig bra, seier dagleg leiar Henriette Møll.

Fabrikksjef Frode Lindvik viser det siste produktet som er utvikla for offshore-aktiviteten. Dette er eit deksel som skal vere kablar under seismikkskyting. Oppdragsgjevar er PGS.
Sonarbøya er utvikla for det norske selskapet Petroleum Geo-Services (PGS) som m.a. driv seismiske undersøkingar i samband med leiting etter olje og gass på havbotnen. Selskapet er i dag etablert i 25 land og eig 16 leitefartøy.
– Sonarbøya er utvikla i samarbeid med PGS. Vi har støypt eit skumfylt skal som skal tole store påkjenningar. Problemet med eksisterande produkt på marknaden er at desse ofte vert skadde, seier Henriette Møll.
No skal sonarbøya gjennom eit års utprøving for å vise om konseptet er heilt vellukka, men det lovar godt. PGS har nemleg allereie plassert ein forespørsel om levering av 16 sonarbøyer i 2011.
– Det vil representere eit kjempestort oppdrag for oss. Bøyene er nemleg ganske store. Dei rommer 1000 liter kvar, seier Møll. Dette er eit av fleire utviklingsprosjekt Strukturplast har gjennomført i ei bevisst satsing mot offshore bransjen.

Les heile saka i papirutgåva måndag.


Tips ein venn om denne saka
Til:    Fra:   

« Tilbake