Til hovedsiden
  DI LOKALAVIS FOR GLOPPEN OG JØLSTER,  torsdag 09. sep 2010
Send oss dine tips!
 

  FRAMSIDA

   NYHENDE


Gloppen
Jølster
Sport
Kultur
Dagens Leiar
Andre nyhende
Finn nyhende:

   AKTUELT
Ledige stillingar
Bildeglimt
 
   MARKNADSPLASSEN
Ledige stillingar
Marknadsplassen
Rubrikkar
Send inn annonse

   FIRDA TIDEND
Annonsefrist
Annonseprisar
Fakta om avisa
Kontakt oss
Opningstider
Redaktøransvar
Tilsette
 
Teikn abonnement!

   ANNA
Lenker
Tips oss
 
   MEININGSMÅLING
Er det tull å bruke tid og ressursar på ei ny utgreiing av traseen for E39 mellom Skei og Ålesund?
Ja
Nei
Bryr meg ikkje
Svar til no: 262
Bryr meg ikkje: 2.29%
Ja: 41.60%
Nei: 56.11%

Stilling ledig

Bruktbil

Utvikla av
InBusiness AS

Det går ikkje an!
 08.03.10

Leiar: Det var faktisk slik at ein lurte på å vaske øyra for å sjekke om ein høyrde rett! Vi trudde ikkje slikt var mogeleg i år 2010, sjølv ikkje i Helse Førde. Men det er ingen tvil om at den skrekkelege historia Else Tystad frå Gloppen fortalde i NRK Sogn og Fjordane fredag er sann, for informasjonssjef Arne Eithun i helseføretaket kunne berre legge seg flat og beklage – heldigvis for det då, må ein seie i desse dagar.

Men at tilsette i eit offentleg helseføretak prøvar å truge ein pasient til å vere taus om sine opplevingar, og at vedkomande må sverje på at ho aldri skulle snakke i media om Helse Førde igjen, er eit så grovt overtramp mot ytringsfridomen, demokratiske spelereglar og pasientrettar i dette landet at nokon må ta ansvar for det og konsekvensane av det.
Som mange vil hugse sto Tystad i fjor haust fram både i Firda Tidend og seinare i NRK Sogn og Fjordane med historia om ei svært mislukka behandling av ein tommel som var operert fleire gongar, der ho også meinte at vedkomande lege på Sentralsjukehuset ikkje hadde lov til å operere. Slike saker er det ein del av i media over heile landet, og dei fleste, også i helseføretaka, ser det som viktige innspel for å få ei best mogeleg sjukehusteneste og få redusert tabbane så godt som mogeleg.
Men dette er det tydelegvis nokon i Helse Førde som ikkje kan forstå. Då Tystad kom til kontroll i Førde etter medieoppslaga og skulle ta ein kaffikopp i kantina, vart ho utan forvarsel kalla inn på eit kontor. Her måtte ho stå, ja ho fekk ikkje ein stol ein gong, skulerett for to legar og to sjukepleiarar som i klartekst fortalde om kva dei meinte om medieoppslaga. Dei ville at ho skulle kome til Helse Førde i staden for media, og etter ein halvtimes seanse måtte ho sverje på å aldri snakke om Helse Førde i media igjen!
– Det er heilt forferdeleg, skulle tru vi var i Russland, seier Tystad til NRK. Ho let seg heldigvis ikkje kneble og klaga saka til fylkeslegen. Ho let seg heller ikkje truge, og fortel no historia. Ho meiner også at overlegen eigentleg ikkje kan klandrast, det verka som instruksane kom frå høgare hald, og at ein meir snakkar om eit system prega av ei leiing som er svært hårsår for kritikk. At dette overgrepet mot ein pasient var klarert frå høgste hald vert avvist av informasjonssjefen.
Vi har ingen føresetnad for å ta stilling til det. Men det må vere eit krav at den som er ansvarleg for eit slikt overgrep mot ein pasient står fram og tek ansvaret. Sameleis spør ein seg korleis leiinga har handtert denne konkrete saka etter dei vart kjent med den, og den ukulturen den representerer. Det var fleire enn ein person med på det, og det er framleis ikkje til å tru at representantar for eit sjukehus kan oppføre seg slik. Det går ikkje an!
Denne saka vart kjent same dag som styret i Helse Førde kom med si krigserklæring mot lokalsjukehusa i Nordfjord og Sogn til fordel for Førde. Det er lenge sidan vi skreiv at sjukehussaka kunne sprenge fylket. Det står vi fast på. Hadde ein hatt ei leiing og eit styre i Helse Førde som var litt meir audmjuke overfor dei sterke kreftene som ligg i denne saka, kunne det kanskje gått bra. No har dei sleppt katta ut av sekken, og det er greitt nok.
Men no startar også krigen, og det er eit sterkt skadeskote Helse Førde som går inn i den.

Les heile leiaren i papirutgåva måndag.


Tips ein venn om denne saka
Til:    Fra:   

« Tilbake