|
|
|
|
|
Tvilsam praksis 05.03.10 Leiar: Normalt velsignar vi offentleg handlekraft, vilje til nyskaping og fart i svingane, og difor burde vi kanskje ha klappa i hendene for fleirtalet i Gloppen formannskap, som tek nokre innersvingar i arbeidet for å utvikle eit svært spennande prosjekt på Grandane og Sandane. Det rimar til og med, men diverre synst vi ikkje måten denne saka har vorte handtert på rimar heilt med det vi oppfattar som god og tillitsvekkande handtering av ei ganske stor sak. Ein offentleg aktør som kommunen har mange omsyn å ta og ymse regelverk som skal følgjast. Det overraskar oss at politikarar ikkje er meir prinsipielle og meir kritiske i si tilnærming til ei sak som dette, som heilt opplagt har snubletrådar. I stor fart vart helsesenteret, som faktisk var kommunen sin eigedom, selt, før ein hadde tatt stilling til korleis og kvar ein skulle skaffe seg eit nytt helsesenter. No må ein vel leige til eit nytt er på plass. I tillegg skal ein ha nye lokalitetar til m.a. PPT og barnevernet, samla sett snakkar ein altså om eit betydeleg behov for areal og ei stor kontrakt med ein stødig leigetakar. Les heile leiaren i papirutgåva fredag.
« Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||