|
|
|
|
|
Kamp for livet i Refjæra Av Aadne Gloppestad, 05.03.10 Gloppen: Det meste av Breimsvatnet er frose til. Det har fått fatale følgjer for fleire av songsvanene som har nytta vatnet som opphaldsområde denne vinteren.
– Måndag dreiv eit stort isflak som hadde losna, inn i fjæra. Natt til tysdag fraus det meste av bukta til. Tysdag morgon var det tolv svanar her, men då vi nærma oss for å prøve å hakke laus is rundt nokre av svanene som var frosne fast, flaug seks av svanene lenger ut på isen, fortel Evy Ann Vårdal. Som nærmaste nabo har ho hatt orkesterplass til dramaet som har gått føre seg på Breimsvatnet dei siste dagane. Då ho såg at svanene var i ferd med å fryse heilt inne, var ho ikkje sein med å prøve å hjelpe dei. I tillegg til å hakke laus is, mata ho svanene med brød og potetbitar. Då Firda Tidend kom til Refjæra tysdag føremiddag, låg det framleis seks svaner på vatnet. Den eine såg ut til å vere daud, og svana som låg nærmast, berre eit par meter frå land, var svært svak. Ei stund seinare letta den eine svana. Ungfuglen som låg nær land ville ikkje ta til seg mat, og dauda same ettermiddag. Les heile saka i papirutgåva fredag.
« Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||