|
|
|
|
|
Vil leige, ikkje eige helsesenter Av Inger Haldis Aske Lothe, 03.03.10 Gloppen: Gloppen formannskap vedtok måndag at kommunen ikkje skal byggje nytt helsesenter, men leige lokale til legetenesta, helsestasjon, PPT og barnevern. Rådmannen får fullmakt til å forhandle med Egge & Øen om lokale på Grandane, men formannskapet vil godkjenne avtalen.
Då saka vart handsama i formannskapet på eit ekstramøte 1. mars, vart delar av dei politiske drøftingane gjort for opne dører. Detaljar kring framtidige forhandlingar vart derimot diskutert i lukka forsamling. – Sakspapira er ikkje offentlege. Skal det forhandlast i denne saka, må ikkje vårt forhandlingsutgangspunkt røpast gjennom media. Først må vi ta stilling til om vi skal eige eller leige på prinsipielt grunnlag. Om vi landar på å leige lokale til desse tenestene, må vi også drøfte utlysing, innleia ordførar Anders Ryssdal. Rådmannen var inne på om ei eventuell leige er regulert av lova om offentlege innkjøp. Ho har mellom anna vore i kontakt med advokatfirmaet til kommunen, Harris, for å avklare dette. Les heile saka i papirutgåva fredag.
« Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||