|
|
|
|
|
– Strukturendringa vil halde fram Av Jan Nik. Hansen, 01.03.10 Andre nyhende: Leiar i Breim Bondelag, Anders Felde, trur ikkje Vestlandsbonden er utryddingstruga, men spår at nedlegginga av gardsbruk vil halde fram.
Anders Felde er fersk Bondelagsleiar i den største landbruksbygda i Sogn og Fjordane. Han ser mørke skyer på himmelen, men er ikkje så pessimistisk som forskaren. – Eg vil ikkje seie vestlandsbonden er utryddingstruga. I mange bygder er det ei offensiv haldning. Utviklinga i Breim er veldig positiv. Her er døme på alt; på slike som byggjer på eksisterande anlegg, kvoteleige og samdrifter, seier Felde. Største utfordringa har eldre brukarar med gamle anlegg og tungdrive areal. Anders Felde er likevel heilt klar på at bøndene på Vestlandet treng eit ekstra løft om produksjonen skal oppretthaldast. – Mjølkebøndene tener dårlegast, med mjølkebøndene på Vestlandet på botnen, seier Felde. Han meiner Vestlandet ikkje har makta å setje landbrukspolitisk dagsorden og manglar politikarar som vil vere fanebærarar for næringa sin vilkår. Les heile saka i papirutgåva måndag.
« Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||