|
|
|
|
|
Adjø Sandane Lufthamn for denne gong Av Jan Nik. Hansen, 01.03.10 Gloppen: Søndag var siste dag med ordinær trafikk på Sandane Lufthamn. No står gravemaskinane klare til å ta over.
Søndag ettermiddag letta det siste flyet frå Sandane Lufthamn. Siste flyet inn skal stogge på Sogndal lufthamn, for om morgonen skal ingen fly ut. Då blir rullebana fysisk sperra for all flytrafikk. I dei neste månadene skal flyplassen rustast opp for å møte framtidige tryggleikskrav. – No må passasjerane nytte dei andre regionale flyplassane, Hovden, Førde eller Sogndal, seier Solheim. Han har fått kommentarar og spørsmål frå passasjerane, men trur det skal gå greitt. Spørsmålet mange stiller seg, er om passasjerane kjem tilbake, eller om nytt reisemønster blir permanent. – Eg er sikker på at dei kjem tilbake. Folk vil ikkje velje ein flyplass lenger vekke når dei kan kome hit, seier han. Sju av åtte tilsette blir permitterte. Ein person skal ha kontoret ope slik at folk kan tinge billettar. Les heile saka i papirutgåva måndag.
« Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||