|
|
|
|
|
Eit godt forslag 01.03.10 Leiar: Leiaren i Gloppen Næringsorganisasjon, Jon Gimmestad, spelte sist veke inn eit konkret framlegg for å få fart på arbeidet med bru på E 39 over Anda-Lote. Etter hans meining bør Gloppen og Eid kommunar no setje av ein halv million kroner kvar for å finansiere ei full stilling i ein to års periode, som kan arbeide heilt konkret med å få realisert denne livsviktige brua. Dette er eit heilt utmerka framlegg, som vi støttar hundre prosent. Det er svært positivt at næringslivet i vår region no verkeleg er på bana og viser musklar. I midtre del av Nordfjord har vi alt for lenge sete stille og trudd at alt ville gå av seg sjølv, ein har nesten vore redde for å fremje eigne krav i samarbeidets namn. Også kring bruprosjektet har det vore for stille, og det er svært viktig og det rette tidspunktet at ein no får skikkeleg dokumentert kva dette vil bety for Nordfjord si framtid og kor viktig det er for heile regionen å få det realisert så snøgt som råd. Les heile saka i papirutgåva måndag.
« Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||