|
|
|
|
|
OL pregar produksjonen på Byrkjelo Av Jan Nik. Hansen, 24.02.10 Gloppen: Far til skiskyttaren Tarjei Bø er mjølkeprodusent i Stryn. Han leverer til anlegget på Byrkjelo som produserer Norvegia der sonen smiler til forbrukarane frå emballasjen.
Her vert det produsert vanleg Gudbrandsdalsost, Fløtemysost og ikkje minst Norvegia i OL-emballasje. På dei brune variantane er det skiskyttaren Emil Hegle Svendsen som smiler mot forbrukarane. På kvitosten er det Kristin Størmer Steira og Marit Bjørgen, og ikkje minst er det nordfjordingen Tarjei Bø frå Stryn. – Faren hans er mjølkeprodusent og leverer til meieriet her på Byrkjelo, smiler meieristyrar Thorkild Heieren. Kristen Kleppe viser fram pallar på rekkje og rad, klare for utkøyring frå lageret. – Vi starta produksjonen av OL-osten i midten av desember og har produsert om lag 50 tonn. No er det berre nokre få pallar att, seier han. Les heile saka i papirutgåva onsdag.
« Tilbake |
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||