|
|
|
|
|
Tredje blad Klungre til Abelfinalen i matematikk Av Magnar Heimset, 18.02.10 Hyen: Ungdomsskuleelev Eirik Klungre frå Hyen (16) går til landsfinalen i matematikk. – Det er uvanleg at ungdomsskuleelevar går til finalen, men eg hadde lyst å prøve, seier Eirik.
Tredje i rekkja Kvart år vert det arrangert konkurransar (OL) i matematikk, fysikk og kjemi blant elevar i vidaregåande skule. Også ein del ungdomsskuleelevar deltek. Gjennom ei innleiande runde på kvar enkelt skule får elevane høve til å kvalifisere seg til runde nummer to i konkurransen. Dei omlag 20 beste frå runde to er kvalifisert til landsfinale. Dei beste frå landsfinalen er vidare kvalifisert til ein internasjonal olympiade i faget. Brørne Anders (24) og Vidar (22) Klungre har vore i landsfinalen i matematikk fleire gonger. I 2007 gjekk Vidar til landsfinalen i alle realfaga; matematikk, fysikk, kjemi og informatikk. No har altså enda ein bror, Eirik, kvalifisert seg. Les meir i papirutgåva fredag. « Tilbake |
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||