Til hovedsiden
  DI LOKALAVIS FOR GLOPPEN OG JØLSTER,  fredag 03. sep 2010
Send oss dine tips!
 

  FRAMSIDA

   NYHENDE


Gloppen
Jølster
Sport
Kultur
Dagens Leiar
Andre nyhende
Finn nyhende:

   AKTUELT
Ledige stillingar
Bildeglimt
 
   MARKNADSPLASSEN
Ledige stillingar
Marknadsplassen
Rubrikkar
Send inn annonse

   FIRDA TIDEND
Annonsefrist
Annonseprisar
Fakta om avisa
Kontakt oss
Opningstider
Redaktøransvar
Tilsette
 
Teikn abonnement!

   ANNA
Lenker
Tips oss
 
   MEININGSMÅLING
Er det tull å bruke tid og ressursar på ei ny utgreiing av traseen for E39 mellom Skei og Ålesund?
Ja
Nei
Bryr meg ikkje
Svar til no: 52
Ja: 36.54%
Nei: 63.46%

Stilling ledig

Bruktbil

Utvikla av
InBusiness AS

96 år og sorterer egg med stø hand
Av Magnar Heimset,  15.02.10

Gloppen: Kristina Ommedal fylte 96 år 1. februar, men ho er framleis med i hønsehuset og sorterer 7.000 egg kvar dag. – Eg er no ikkje god til så mykje lenger, seier den beskjedne, men imponerande spreke veteranbonden på Støylen-bruket i Ommedalen.

– Dette er for meg som leikekassa er for ungane, seier 96-årige Kristina Ommedal ved pakkebordet i hønseriet der dei sorterer og pakkar opp mot 7.000 egg om dagen.
Trass sin høge alder, er Kristina Ommedal framleis med på gardsdrifta saman med dottera, Maria Utheim, og barnebarnet, Solfrid Utheim Rygg.
– Vi merkar det godt om det er ein dag Besta ikkje kan vere med i pakkerommet og sortere egg. Men ho er her stort sett – helg som høghelg – ho er alltid villig. Og eg trur faktisk det gjer henne godt, ho påstår at dette er for henne som leikekassa er for born. Ho er veldig flink til å plukke ut egg med flekkar og kvalitetsfeil, og det er ingen som lagar mindre klink enn ho, smiler Solfrid.
Kristina vart fødd på Eljas-bruket på Å i 1914. Ho gifte seg med Karl Ommedal før krigen, og dei overtok og budde på småbruket i Ommedalen. Far til Karl var frå Espeland i Naustdal og vart kalla Espelanden. Bruket vart kalla Espelands-bruket, og dei som budde der, espelandane. Men det rette namnet på bruket skal vere Støylen.

Les heile saka i papirutgåva måndag.


Tips ein venn om denne saka
Til:    Fra:   

« Tilbake