|
|
|
|
|
– Eg har tenkt å gå stafetten Av Aadne Gloppestad, 08.02.10 Sport: – Eg satsar på å gå optimalt under femmila i OL. Då er det ikkje mange som slår meg, seier Odd-Bjørn Hjelmeset. No gjer han dei siste førebuingane til OL i Vancouver. Så langt har oppladinga gått etter planen.
– Eg har lege heime og trena sidan NM, men dei siste dagane før eg reiser til Vancouver blir eg på Beitostølen. Eg valde å utsetje reisa til Valdres på grunn av kulda, men eg har hatt gode treningstilhøve heime òg. Løypa startar ein god meter frå huset, eg kan spenne på meg skia på garasjetaket, så eg kan ikkje klage, seier Odd-Bjørn og smiler. Han fortel at han så langt har vore skåna for sjukdom i oppkøyringa til meisterskapen han håpar skal bli eit høgdepunkt i karrieren, og at han har fått trena bra. – Eg har gjort det eg skal, så eg trur det blir bra. Det kjennest i alle fall veldig bra no, slår han fast. Les heile saka i papirutgåva måndag.
« Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||