|
|
|
|
|
Karnils-låve kan bli barnehage Av Inger Haldis Aske Lothe, 05.02.10 Gloppen: – Å byggje om låven i Karnilstunet til barnehage kan vere ei løysing. No må vi ta kontakt med vernestyremaktene og får avklara om dette er aktuelt. Er dei positive, blir det ei ny runde med utgreiing av dette alternativet, seier leiar i Stiftinga Karnilstunet, Kåre Hauge.
– Treng meir midlar Til stades var representantar for stiftinga, Austrheim barnehage, oppvekstsjefen og helse- og omsorgssjefen i Gloppen kommune. Også sogelaget, ungdomsskulen, museet, bondelaget, bygdekvinnelaget og Nordstranda skule hadde fått invitasjon og var representerte. Målet til stiftinga har vore at tunet skal vere ein arena for heile bygda og at særpreget i tunet vert teke vare på. – Stiftinga har behov for meir midlar for å gjennomføre dei planane vi har. På møtet fekk vi tilbakemelding om at Gloppen kommune har vanskar for å delta økonomisk på kort sikt. Tida vi er inne i gjev ikkje rom for påplussingar på budsjettet. Samtidig ser kommunen at Karnilstunet er ein stad dei kan ha mykje nytte og glede av. Kanskje er det mogleg for kommunen å engasjere seg sterkare på litt lenger sikt, fortel Kåre Hauge. Les heile saka i papirutgåva fredag. >
|
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||