|
|
|
|
|
Fiskå Mølle legg fabrikk-planane på is Av Jan Nik. Hansen, 05.02.10 Gloppen: Motstandarane av kraftfôrfabrikken kan sprette Champagnen. Leiinga i Fiskå Mølle har vedteke å droppe investeringa. Tidlegare i denne veka fekk kommunen den endelege stadfestinga.
Kostnadsauken – Vi har bestemt oss for å leggje prosjektet på is. Den viktigaste årsaka er kostnadsauken i samband med fabrikketableringa, seier Gjerde. Han presiserer at det ikkje er eit absolutt kroken på døra, men det er lite som tyder på at det blir aktuelt med det første. – Det er særleg to årsaker til avgjerda. Den eine er at det har gått fire år å behandle utsleppsløyvet hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og SFT. I mellomtida har kostnadene auka vesentleg, seier Gjerde. Den andre årsaka er pålegget i siste runde om eit lukka lossesystem. For fire år sidan kalkulerte Fiskå Mølle investeringa til om lag 50 mill. kroner. Lukka lossesystem ville ha auka kostandene med ytterlegare 7 mill. kroner. – Med dagens volum er det ikkje rekningssvarande å investere så mykje, seier Leif Kåre Gjerde. Han er svært kritisk til den lange sakshandsamingstida. Les heile saka i papirutgåva fredag.
« Tilbake |
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||